Arkiv for mars 2003

Svenskeslagord

måndag 24. mars 2003

Då er eg attende frå Stockholm. Dei hadde ein flott demo med kring 30-40 000 på laurdag. Noko særs bra var at dei hadde godt organisert slagordroping. På vaktmøtet fekk vaktane delt ut kvar si megafon og kvart sitt gule ark med slagord - og slagorda var varierte og gode. Eit døme er:

Vakt: Va tyckar ni om Bush?

Alle: ILLA! - ILLA!

Vakt: Va tyckar ni om Bush?

Alle: ILLA! - ILLA!

Vakt: Hur illa?

Alle: SKITILLA, USH - USH - USH

Eit anna er:

Ush - Bush

Du tar fel!

Krig er inget tv-spel!

Heia Stockholm!

Sirupsreklame

måndag 24. mars 2003

“Visste du at i løpet av denne tiden du bruker på å lese denne setningen, har coca-cola solgt 20 000 produkter” sier sirupsprodusenten med lange tradisjoner for skitten markedsføring. … Det er jo hyggelig at noen lager sin egen antireklame :)

Takk

måndag 10. mars 2003

Takk for dei vakre orda Christian! Hmmm. No må eg sjå til å koma meg ut frå kontoret… (eg har trådd inn i linux-verda, eit val eg er glad for, sjølv om det tek noko tid å finna ut av alt…)

For dei som lurer, så har eg lagt inn RedHat Linux 8.0. I pakka fulgte alle programma eg treng med, mellom anna Mutt (e-post), OpenOffice (word og slikt), Galeon (nettlesar). Vel … no lyg eg litt. Eg treng framleis Indesign for å lage medlemsavisa til SOS Rasisme, men den kan eg kjøre via ei virtuell maskin (vmware). Ok - nok nørdesnakk for i dag.

God kvinnedag!

laurdag 8. mars 2003

Eg er innom kontoret ein liten tur for å hente to SOS-flagg til 8.mars-toget i dag. Eg tenkjer litt på kva ei venninne sa ein gong: “Stol aldri på ein mann som kallar seg for feminist”. Er det noko hyklersk over å gå i 8. mars-tog? Er det meir ærleg å vera heime og sjå tippekampen og drikke boksøl?

Feminismen er nok uansett ikkje eit godt ord å bruke. Kor vart ordet kvinnefrigjering av? Og eg trur ikkje menn kan vera frie om ikkje kvinner òg er frie. Slik det er i dag er mange bunde til å vera saman av økonomiske årsaker, det tener ingen på. Skal ein leve i ein familie skal det vera andra årsaker en tvang.

Dette trur eg framleis er mykje av kjerna i kvinnekampen. Og dette vil framleis halde nede kvinner, sjølv om husarbeid og lønn vert jamnare delt.

Vel … no må eg nok avslutta og koma meg i tog. God kvinnedag!

Attende…

fredag 7. mars 2003

Etter å ha forsømt denne sida i trekvart år, er eg att med daglege nyhende om meg… så får me sjå kor lenge det går… Eg oppmodar alle til å delta i 8. mars-arrangement i morgon. I Oslo kjem eg til å tråkka rundt med eit SOS-flagg.