God kvinnedag!

Eg er innom kontoret ein liten tur for å hente to SOS-flagg til 8.mars-toget i dag. Eg tenkjer litt på kva ei venninne sa ein gong: «Stol aldri på ein mann som kallar seg for feminist». Er det noko hyklersk over å gå i 8. mars-tog? Er det meir ærleg å vera heime og sjå tippekampen og drikke boksøl?

Feminismen er nok uansett ikkje eit godt ord å bruke. Kor vart ordet kvinnefrigjering av? Og eg trur ikkje menn kan vera frie om ikkje kvinner òg er frie. Slik det er i dag er mange bunde til å vera saman av økonomiske årsaker, det tener ingen på. Skal ein leve i ein familie skal det vera andra årsaker en tvang.

Dette trur eg framleis er mykje av kjerna i kvinnekampen. Og dette vil framleis halde nede kvinner, sjølv om husarbeid og lønn vert jamnare delt.

Vel … no må eg nok avslutta og koma meg i tog. God kvinnedag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *