Treng me idol?

Ja, då er det kvelden til Idola våre, og i morgon er det melodi grand prix.

I hus og hytte finn folk fram fintøyet og poengskjemaene og henter alle sine inndata frå vakker underhaldning.

Er dette noko galt? Nokon kan kanskje meine at folk vert passive av dette, og dermed eit enkelt byte for usask moroindustri. Før ein veit ordet av det kjem folk til å handle ein-gongs-dvd-ar frå disney-konsernet og gløyme alt som var eiga skaparkraft…

Men er Grand Prix og Idol dei store, stygge ulvane i så henseende?

Eg er mykje meir bekymra for meiningslause sitkomer frå statane, enn eg er for slik underhaldning som handlar om å skapa heltar – folk ein kan identifisere seg med.

Gje meg eit 100-tals Kurter, Gauter og Josteiner framfor nok ein Rachel. Eg trur Idol er med på å vise at kvar einskild er unik og har noko viktig å bidra med. Venar for livet seier meir noko om at ein ikkje skal strekkja seg og at underhaldning er noko som fell i fanget ditt.

Så – når eg i kveld og i morgon kveld benkjer meg foran skjermen, gjer eg det med godt samvet.

Lykke til Jostein, sjølv om Ukraina, Tyrkia og Austerrike er tøffare, er eg sjølvsagt patriot og heier på Noreg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *