Monthly Archive for april, 2006

Ein to dagar gammal prinsesse

To dager gammel valp Kvalpen på biletet var to dagar gammal då biletet vart tatt. Ho var fødd 19. april og ho og hennar fem sysken i har allereie rokke å sjarmere ein skokk med folk som dagleg følgjer kvalpedagboka til kullet.

Eg var så heldig å vera med førre gong eit kolsvart kull kom til verda på Rønningen. Det er utruleg kor mykje kunnskap hundar har frå naturen sin side. Med ein gong dei sprett ut i sine små posar (fosterhinner), kuttar mora posane opp samstundes som ho kuttar navlestrengen. Ho sleikjer dei reine, og sleikjer dei på magen slik at deira umettelege lyst på mjølk blir stimulert. Kvalpane kryp målretta mot pattane til mora, og i nokre dagar er livet deira berre søvn og svolt.Likevel serverer Gunn rykande ferske kvalpesoger kvar dag, med vakre bilete av lykkelege små hundar.

Dapper Drake

Ubuntu 6.06, med det klingande kodenamnet Dapper Drake, kjem først i juni. Men små gutar som ikkje kan vente på betatesten eingong, har lagt inn og testa ein testversjon. Det var ein sann fryd å installere han, eller kanskje det er ei hodrake*? Ikkje eitt einaste klynk frå maskina under installasjonen og nesten alt fungerer som det skal frå første stund.

Det er tre ting som eg særskilt har merka meg som særs bra i nye Ubuntu.

For det fyrste går alt kjappare enn i gamle Breezy Badger. Særs kan ein føle forskjell når ein opnar eit program, når ein skrivar i OpenOffice eller skal attende frå kvile- eller dvalestatus.

For det andre har den ein snøggveljar for trådlause nett. Berre klikk og vel (og evt skrive inn passord).

For det tredje har noko som har fått namet Deskbar dukka opp. Her kan du skrive inn eit stikkord og alternativa kjem opp på løpande band etter kvart som du tastar. Den hugsar det siste valet, så det kjem høgast. Dette er eit ekstremt nyttig verktøy, av den typen ein sendar andre operativsystem på skraphaugen for. (Då eg gjekk over til Linux ein gong i tida, var det nettopp ein sak som var avgjerande – det var skrivebordsveljaren.)

Heia Ubuntu 6.06! Dette er store saker!

*) Eg er klar over at det engelske ordet ‘drake’ er ein hankjønnsand, ikkje ein drake. Men ender er òg sjarmerande skapningar, dei er ikkje så reint ulike drakar heller.

Påskesol for påske-Kåre!

Eg er på herleg påskeferie i Meråker. Sjå fleire bilete på www.arminzera.no.
God påske!