Dapper Drake

Ubuntu 6.06, med det klingande kodenamnet Dapper Drake, kjem først i juni. Men små gutar som ikkje kan vente på betatesten eingong, har lagt inn og testa ein testversjon. Det var ein sann fryd å installere han, eller kanskje det er ei hodrake*? Ikkje eitt einaste klynk frå maskina under installasjonen og nesten alt fungerer som det skal frå første stund.

Det er tre ting som eg særskilt har merka meg som særs bra i nye Ubuntu.

For det fyrste går alt kjappare enn i gamle Breezy Badger. Særs kan ein føle forskjell når ein opnar eit program, når ein skrivar i OpenOffice eller skal attende frå kvile- eller dvalestatus.

For det andre har den ein snøggveljar for trådlause nett. Berre klikk og vel (og evt skrive inn passord).

For det tredje har noko som har fått namet Deskbar dukka opp. Her kan du skrive inn eit stikkord og alternativa kjem opp på løpande band etter kvart som du tastar. Den hugsar det siste valet, så det kjem høgast. Dette er eit ekstremt nyttig verktøy, av den typen ein sendar andre operativsystem på skraphaugen for. (Då eg gjekk over til Linux ein gong i tida, var det nettopp ein sak som var avgjerande – det var skrivebordsveljaren.)

Heia Ubuntu 6.06! Dette er store saker!

*) Eg er klar over at det engelske ordet ‘drake’ er ein hankjønnsand, ikkje ein drake. Men ender er òg sjarmerande skapningar, dei er ikkje så reint ulike drakar heller.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *