Monthly Archive for februar, 2008

Ikkje planlagde avvik

Ikkje planlagde avvik

Måndag 25. februar 2008 kl 18.59 skulle toget til Drammen gå frå Nationaltheatret.

Det sa iallfall trafikanten.no, og det stod og «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» på framsida.

Så, min overrasking burde vera stor når eg fekk opplysning over ein dårleg høgtalar på Nationaltheatret at dei fleste tog var innstilt, og at me måtte nytte buss frå Oslo S, og at reisande òg vestover skulle ta eit flytog til Oslo S for å bytte til buss der.

Vel framme på Oslo S, eit par minuttar over sju, går eg mot «Buss for tog»-plattforma. Noko skryt skal Jernbaneverket ha – når dei sett opp vakre, permanente skilt, som kan minne oss på at jernbanen ofte visar seg frå sin svake side.

Bussen hadde sjølvsagt nett gått og eg måtte vente på neste buss, som rett nok berre gjekk til Asker der eg måtte bytte til tog. – Javel, då står kan hende toget og ventar i Asker, då vert eg ikkje meir enn ein halvtime forseinka – ikkje dårleg.

Og – då me gjekk av bussen så stod eit tog og venta. Avgangstid var 19.41, klokka sa 19.44. Me var vel ein 30-40 personar som gjekk målretta mot toget. Men dei gjorde nok det mest for å terge oss, for då eg var komen to meter frå døra til den fyrste vogna, slamra han igjen.

Eg var ikkje den einaste som hytta neven etter toget då. Eg kjende inni meg at det var godt eg ikkje hadde ein brustein i handa.

Ein time etter at eg stod på Nationaltheatret – ein time med konstant reising og skifte av framkomstmiddel – hadde eg altså framleis ikkje komet meg lenger enn til Asker.

For ein ting er å vera forseinka. Eg kan glatt takle halvannan time forseinking om eg berre får vore i ro. Men all denne gåinga og skiftinga og undringa på om eg rekk bussen i Drammen slit mykje meir enn to timar i ro på ein benk på Oslo S.

Så var tida komen for toget 20.08. Eg stod lengst framme, og var på veg om bord då eg fekk beskjed om å gå til vogna lenger bak. Der var det sjølvsagt 20 andre som skulle om bord, så det dreit eg kaldt i – og gjekk om bord og sette meg.

Eg spurte den uniformskledde mannen som hadde forlangt at eg skulle gå 20 meter ekstra etter ordre frå NSB om toga no gjekk som normalt gjennom Oslo. Det gjorde dei. Eg kunne altså ha venta i eit kvarter og tatt neste tog i staden for å lytte til sprakestemma som knapt nok kan høyrast. (Eg veit at «Jernbaneverket» stod bak sabotasjen i dag, men det er NSB eg er kunde hos. På same måte gir eg Kiwi skulda om dei sel dårlege bananar, eg går ikkje til bananleverandøren.)

Eg visste sjølvsagt at eg ikkje kom til å rekke bussen, men eg visste òg at eg kjem til å krevje pengane attende for både drosje og månadskortet på NSB og at eg måtte sjekke kva pris Timekspressen har for månadskortet.

Sjølvsagt er ikkje det aktuelt – eg liker jo tog – det er noko med å setje seg om bord på toget om morgonen og drikke kaffien eg har med på termosen og lese ein god bok (nett no: Anna Gavalda: Eg elska ho).

Omsider var eg framme i Drammen og til mi overrasking står det eit par oransjekledde folk frå NSB der. Eg spurde dei om dei ville gje meg ein drosjerefusjon og dei ba meg vente til sjefen deira kom. Eit par minuttar gjekk, og eg blei plassert inn i ein drosje.

Eg har lært to ting i dag:

1. Det viktigaste er ikkje korleis du handsamar folk undervegs, men korleis du handsamar dei i det siste leddet. Det siste inntrykket er det som sit best, og folk roar seg.

2. At trafikanten.no skriver «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» tyder ikkje at alt er i rute. Kan hende det tyder noko slikt som «Dagens trafikk – avvik som ikkje er planlagde». For eg ser no at om ein klikkar på lenkja får man opp:

Tog
Togtrafikken normaliseres langsomt i løpet av mandag kveld.
Det vil fortsatt være enkelte forsinkelser og innstillinger.Morgentrafikken tirsdag 26. februar forventes å gå som normalt.
Togene mellom Eidsvoll og Kongsberg samt mellom Moss og Spikkestad er begge innstilt mellom Oslo S og Sandvika.
Det kjøres busspendel på strekningene Oslo S-Sandvika og Skøyen-Oslo S (ved spor 19)

Så – då ser det ut til at eg held fram med NSB – enn så lenge.

Å kasta seg uti på grunt vatn

Screenshot

Våren 2008 landar ein robust hegre i mange datamaskinar. Hardy Heron er kodenamnet på det neste Ubuntu-sleppet, og sjølvsagt klarar eg ikkje å vente til korkje det offisielle sleppet i april eller betatestinga. Frå Ubuntu sine sider kan ein laste ned testversjonar, og sia eg hadde fylt opp programvarevolumet på den berbare maskina mi tenkte eg det var på tide med ein frisk start.

Sjølvsagt er dette idiotisk av meg – all den tid eg har eit Ati-skjermkort (X1400) som krev ein del knoting i fila «xorg.conf» for å få 3d-effektane til å flyte fint.

Heldigvis har eg lært av tidlegare episodar, og hadde ein kopi av min gamle xorg.conf liggjande i tilfelle ting skulle skjære seg. Og det gjorde det sjølvsagt.

Ubuntu prøver i Hardy Heron å kvitte seg med tarva for xorg.conf. Alt skal oppdagast automagisk og alt skal kunne styrast med grafiske verktøy. Men mitt skjermkort er langt frå standard og i staden for eit Ubuntu-bilete fekk eg sjå ein velkjend svart skjerm – konsollen. Men etter litt sudo apt-get install xorg-driver-fglrx og litt sudo cp /opt/xorg.conf /etc/X11/, og ein solid runde med oppdatering fekk eg fram det vakre biletet av ein ubuntuhegre.

Mykje er sjølvsagd som før, men umiddelbart er det to ting eg merker:

1. Eit eller anna har skjedd med lesinga frå harddisken. Det går svært kjapt å til dømes skifte maildir i mutt. Det skyldast kan hende eit eller anna program eg hadde installert før oppgraderinga, og ikkje noko nytt no.

2. Suspend fungerer utrolig nok for, til tross for teit skjermkort, men resume er det noko feil med framleis. Uansett – løysinga for suspend er nok innafor rekkevidde.

Det skal bli spanande å sjå om det opnar fleire dører til linux for folk når denne versjonen av Ubuntu er ferdig. Til tross for at det eg driver med er å stupe ut i svømmebassenget før det er skikkeleg fylt med vann, er eg svært imponert over korleis det meste er svært raskt, stabilt og oversiktlig, sjøl om ein enno ikkje har kome til betatestinga.

Og det er jo på sin plass. Ubuntu 8.04 er neste «LTS», langtidsstøtta», Ubuntu-versjon. For dei som vil ha ein stabil maskin i tre år, er det bare å telje ned til 26. april. For folk som meg, som ikkje kan vente, last ned nå og lev farlig :) .

Lenge leve den frie pressa

VG og Dagbladet med sitt alltid like kritiske søkjelys. Foto: Jerry Friedman/ Wikicommons
VG (lengst framme) og Dagbladet med sitt alltid like kritiske søkjelys. Siv Jensen og Lars Sponheim i bakgrunnen

I dag kan me vera stolte av kor langt ytringsfridomen vår går.

Ikkje berre lågpanna vitseteikningar som går 30-talets sjikane ein høg gong fyller vårt demokratiske sinnelag.

Nei, denne veka får me òg oppleve korleis den frie pressa vår hyller ytringsfridomen gjennom ein real mobbekampanje av to einskildmenneske.

Ja, det kan sjølvsagt vera at Ramin-Osmundsen har gjort noko gale. Det kan hende at éin kritisk sak hadde vore på sin plass.

Eg er òg i stor grad samd i kritikken frå Press, det er eit problem at det er regjeringa som utnemner eit kontrollorgan.

Men proporsjonane i denne saka har blitt enorme. Media fyller ikkje rolla som kritisk i anna enn å vera eit hylekor.

Som hyenar stimlar dei om slaktet, mens dei tel sitt ekstra salstal.

Det er kritisk evne det, ja.

Ein må spørje seg om til og med den gjengse Hitlerjugenden hadde større evne til refleksjon enn tabloidane i dagens Noreg.

Pennen er skarpare enn sverdet, vert det sagt. Men om ein hadde svinga sverdet slik som media mobbar om dagen, hadde gatene vore raude av blod.

Eslet er attende

Eselet - Tindersticks

Det har gått mange år sia Tindersticks sist gav ut album. No ser ventetida ut til å gå mot slutten. 28. april er datoen for det nye albumet. Eit album dei spelte inn i Frankrike i fjor. Allereie no har dei gjeve oss ei lita gåve. The flicker of a little girl kan ein laste ned gratis frå myspace-sida deira.

Den er i velkjent stil. Melankolsk, som alltid, og med eit lydbilete som berre Tindersticks kan dyrke fram.

Sjølvsagt saknar eg Dickon Hinchliffe. Men eg trudde faktisk at tomrommet etter han skulle vera tydelegare. Eg ser fram til albumet og eg ser ikkje minst fram til turneen (kan hende dei tar med seg ein flokk strykarar for å minske det synlege tapet av Hinchliffe?).

Enn så lenge – The flicker of a little girl er ein vakker ventegåve.

La Ashok bli!

Oslo tingrett slår fast: «Under enhver omstendighet finner retten at de samlede vurderinger og avveininger av menneskelige hensyn, herunder hensynet til barnets beste, samt tilknytningen til landet, sammenholdt med de innvandringspolitiske hensyn i saken(…)»

Så enkelt var det å sjå vekk frå barnekonvensjonen. Kva er vel internasjonale forpliktingar og konvensjonar som har blitt ein del av norsk lovgjeving når det er innvandringspolitiske omsyn i saka?

Eg kjenner meg skamfull over å bu i eit land der ein riv folk vekk frå «tilknytningen» sin på denne måten. «Tilknytning går begge veger,» har solidaritetsgruppa til Fozia og Abbas lansert som slagord. Deportasjonen av Ashok er ikkje berre eit overgrep mot Ashok, men òg eit overgrep mot alle som kjende han. Heldigvis budde Ashok i ein kommune som viste seg å slå ring om innbyggjarane sine – og eg er glad for at ordførar Åge Tovan går ut mot si eiga regjering i denne saka.

Siste ord er ikkje sagt i denne saka. Eg vonar folk visar sitt sinne her – politikarane skal ikkje få sitje i fred og behandle kameratane våre på denne måten!