Kategoriarkiv: Antirasisme

Hurra for 17. mars!

Irsk kløver
På St. Patrick’s Day er alle irske!

Ja, irsk nasjonalkjensle er ein stor eksportartikkel. Jamvel om vi nordmenn sjølvsagt hevdar at vår eigen 17. mai er den beste nasjonaldagsfeiringa ein kan få, har irane klart å laga ei verdsfemnande feiring av sin nasjon.

Irsk nasjonalisme og norsk nasjonalisme har likskapar. Båe nasjonane har fått sitt sjølvstende i nyare tid. Kan henda det er noko av årsaka til at nasjonalismen ikkje har fått det reaksjonære, imperialistiske uttrykket som vi har sett i mange andre land.

Den norske imperialismen – som vi først og fremst ser gjennom StatoilHydro, har ikkje knytt den ekspansive verksemda si saman med norsk nasjonalkjensle, om ein ser bort frå feiringa av norsk imperialisme gjennom boards med teksten «det norske oljeeventyret fortsetter i utlandet».

Kan henda at EU-saka skremmer den norske makteliten frå å spela på nasjonalisme.

Men ein plass ser vi han tydeleg. Trua vår på oss sjølv som den mest fredfylte, demokratiske og likestilte plassen i verda gjev av og til absurde utslag. Å senda 18-åringar ut i verda for å læra vaksne folk i tredje verda om demokrati minnar meg mest om diktet «The White Man’s Burden» av Rudyard Kipling. Han òg stod for ein godhjarta rasisme.

Sjølvsagt handlar ein del av norsk nasjonsbygging òg om undertrykking av urfolket i Noreg – samane – og nasjonale minoritetar. Men det er ikkje hovudsida i bygginga av Noreg.

I Noreg er det først og fremst ein positiv nasjonalisme som kjem til uttrykk. Henrik Wergeland har for all framtid slått fast at sterk nasjonalkjensle og inkludering av andre folk er to sider av same sak. Er ein trygg på sin eigen identitet, vil ein òg vera trygg på nye folk.

Det er ikkje det at folk er for trygge på sin norske identitet som får folk til å røysta Frp. Det er heller mangelen.

17. mai i Noreg er ein inkluderande folkefest. I Oslo er 17. mai for alle ein svært viktig del av tradisjonen til eit titusental folk.

17. mars har på same måte blitt ein dag kor heile verda kler seg i grønt.

I ei verd der etterverknadene etter postmodernismen sine verste herjingar slår inn for fullt, vil vi nok sjå større og større ønske om å ta del i slike tradisjonar. Identitet er nødvendig for alle, jamvel for oss som har blitt flaska opp med 80-talet sin uuthaldelege lettheit og 90-talet sin ironi treng identitet.

Familien og nasjonen treng ikkje vera bitre fiendar for folk på venstresida. Det er ikkje noko gale i å vera glad i landet sitt eller å setja pris på familien sin. Å seie noko anna, vil vera å spela folk rett i fanget på Frp og dei brune venene deira.

La Ashok bli!

Oslo tingrett slår fast: «Under enhver omstendighet finner retten at de samlede vurderinger og avveininger av menneskelige hensyn, herunder hensynet til barnets beste, samt tilknytningen til landet, sammenholdt med de innvandringspolitiske hensyn i saken(…)»

Så enkelt var det å sjå vekk frå barnekonvensjonen. Kva er vel internasjonale forpliktingar og konvensjonar som har blitt ein del av norsk lovgjeving når det er innvandringspolitiske omsyn i saka?

Eg kjenner meg skamfull over å bu i eit land der ein riv folk vekk frå «tilknytningen» sin på denne måten. «Tilknytning går begge veger,» har solidaritetsgruppa til Fozia og Abbas lansert som slagord. Deportasjonen av Ashok er ikkje berre eit overgrep mot Ashok, men òg eit overgrep mot alle som kjende han. Heldigvis budde Ashok i ein kommune som viste seg å slå ring om innbyggjarane sine – og eg er glad for at ordførar Åge Tovan går ut mot si eiga regjering i denne saka.

Siste ord er ikkje sagt i denne saka. Eg vonar folk visar sitt sinne her – politikarane skal ikkje få sitje i fred og behandle kameratane våre på denne måten!

Må tabloidmedia vera eit mikrofonstativ for nazistane til ein kvar tid?

Dagbladet fortener pryl for denne artikkelen: http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/11/15/449433.html

Dette er rein reklame for Vigrid. Dei får Vigrid til å framstå som jamgod med det norske skuleverket. På den eine sida meiner skuleverket – på den andre sida meiner Vigrid…

Eg vil tru dette er eit absurd utslag av at journalisten har forlese seg på at pressa skal vera fri. Eg ventar i spenning på at journalisten snart framstiller til dømes valdtekt på same måte. Dagbladet i neste veke:

«Skulle du eller gruppen du er med i ha en oppgave å skrive som går inn på de feltene vår nettside dekker kan du sende oss de spørsmålene du ønsker svar på så skal vi etter beste evne besvare dem sett fra vår synsvinkel og vårt krav om sann og objektivt syn på voldtekt.»

Voldektsmannsklubben lover å svare på de innsendte spørsmålene innen tre dager.

«Hvis du gjør våre svar til dine egne, risikerer du å stryke på oppgaven og det er ikke meningen. Ensretting og straff i form av dårlige karakterer for politisk ukorrekte oppfatninger gjennomsyrer i dag undervisningssystemet.»

Sjølv om menn framleis valdtek, lar ikkje media det å stø valdtekter vera ein like grei haldning som det å vera i mot valdtekter.

Eksempelet er kan hende noko absurd. Men det er eigentleg enda meir absurd at Dagbladet klarer å lage ein reportasje der lar det å fornekte industrielt drap på jøder og andre under andre verdskrig vera ein grei meining å ha.

Det er uansett eit problem å vise fram Vigrid i media. Sjølv om TV2 får Tore Tvedt til å framstå som ein rar, halvgammal og galen nisse som bur for seg sjølv i skogen og likar å bli vitja av unge jenter og gutar, vil Vigrid like fullt få merksemd om det. Dei får like fullt spreie sitt hatbodskap gjennom TV2.

Riv Festning Europa!

Festning Europa er høgst reell. EU sprøytar millionar inn i stengsler mot menneske frå andre deler av verda.

For dei fleste nordmenn er det ein sjølvsagt ting å kunne dra nær sagt kor som helst i verda, anten i jobb eller på ferie. Iallfall så lenge pengane strekk til. Slik har dei fleste kvite folk i verda det.

Men for dei flest som er mørke i huden, er fridommen til å dra kor ein vil svært liten. Muren som Europa byggjer er høgst reell og høgst rasistisk. For medan europeiske selskap gjennom ulike avtaler krev full rett til å plyndre land i den tredje verda, og medan dei sikrar seg kontroll over til dømes vassforsyninga og oljefelt i stadig fleire land, og medan retten til å flytte varer att og fram over alle grenser utan nasjonale rettar til å byggje opp lokal industri, er retten til menneske å flytte seg over dei same grensane ikkje til stades.

Kva er det med genane til kvite europearane, sidan vi har denne retta?

· Magasinet, Dagbladet

Myten er eit tre å klatre opp i

I desse vigridske tider kan det vera ovleg greit å bli minna på korleis ting i røynda heng saman. Det vil seie at nazismen og nasjonalismen ikkje heng saman. Nazistane synte kva hug dei hadde til Noreg 9. april 1940. Tor Åge Bringsverd har halde eit foredrag om dette, som han har lagt ut på den glitrande heimesida si.
·Myten er et tre å klatre opp i

Valdspartiet

Det er valkamp, og enkelte parti slår kraftigare frå seg en andre. At kring ein prosent av asylsøkjarane er mistenkte for å begå kriminalitet, mens to-tre prosent av den norske befolkninga fall i same kategori hindrar ikkje det mest hardslåande partiet i å legge all skuld på asylpolitikken for kriminaliteten i landet. At kring 15% av stortingsgruppa til det same partiet er straffedømt bryr få seg med.

Sjølvsagt kan ein bli litt oppgitt over alt grumset som kjem frå valdspartiet, men for å overleve må ein forsøke å sjå det frå ei ironisk vinkel. Det går sjeldan mange dager mellom kvar gong valdsdømte Per Sandberg kjem med ei lattarleg fråsegn.

Om ein ikkje klarar å le av Sandberg, så kan ein iallfall få ut agresjonen sin her.

agurkskittid

«Erna vil skjerpe utvisningsreglene», «Hagen dominerer i mediene», «Kripos-sjefen vil jakte på ulovlige innvandrere langs hovedveiene», «Bred støtte for forvaringsleirer», «Leter i loven for å utvise kriminelle utlendinger» … media har vore fulle av skit dei seinaste vekene. Samstundes slår EU fast at innvandring ikke skaper økt kriminalitet.

Me kan ikkje site og sjå på ei slik utvikling. Sjølv om me slåst mot strie krefter, kan me vinne kampen mot rasismen. Rasismen er skapt av menneskjer og kan fjernes av menneskjer!