Kategoriarkiv: Data

Fargekorrigering for nett

Kan du se noko skilnad mellom desse bileta?

17. mai for alle - fargekorrigeres i Firefox 4

17. mai for alle - fargekorrigeres ikke

Fargekorrigering

Ikkje? Då er du ikkje offer for fargekorrigeringa i Firefox 4. Men i biletet til venstre kan du sjå kor stor skilnad det faktisk er. Bakgrunnsfargen i png-filen er i begge tilfella #1c3063. Men den eine filen inneheld info om fargekorrigering. Sikkert fint, men dumt når den ligg på ein nettside der #1c3063 er bakgrunnsfarge.

Men – i staden for å setje meg ned og grine over alle ting man må tenkja på når ein skal ha ein logo på nett, må ein i staden setje seg inn i kvifor det er slik og kva ein kan gjera med det. Firefox har lagt ut svaret sjølv.

Med  pngcrush kan ein fjerna all fargekorrigering slik:

pngcrush -rem gAMA -rem cHRM -rem iCCP -rem sRGB infile.png outfile.png

Så – då kan det bli ein konsistent 17. mai for alle, og når det gjeld fargar.

Å kasta seg uti på grunt vatn

Screenshot

Våren 2008 landar ein robust hegre i mange datamaskinar. Hardy Heron er kodenamnet på det neste Ubuntu-sleppet, og sjølvsagt klarar eg ikkje å vente til korkje det offisielle sleppet i april eller betatestinga. Frå Ubuntu sine sider kan ein laste ned testversjonar, og sia eg hadde fylt opp programvarevolumet på den berbare maskina mi tenkte eg det var på tide med ein frisk start.

Sjølvsagt er dette idiotisk av meg – all den tid eg har eit Ati-skjermkort (X1400) som krev ein del knoting i fila «xorg.conf» for å få 3d-effektane til å flyte fint.

Heldigvis har eg lært av tidlegare episodar, og hadde ein kopi av min gamle xorg.conf liggjande i tilfelle ting skulle skjære seg. Og det gjorde det sjølvsagt.

Ubuntu prøver i Hardy Heron å kvitte seg med tarva for xorg.conf. Alt skal oppdagast automagisk og alt skal kunne styrast med grafiske verktøy. Men mitt skjermkort er langt frå standard og i staden for eit Ubuntu-bilete fekk eg sjå ein velkjend svart skjerm – konsollen. Men etter litt sudo apt-get install xorg-driver-fglrx og litt sudo cp /opt/xorg.conf /etc/X11/, og ein solid runde med oppdatering fekk eg fram det vakre biletet av ein ubuntuhegre.

Mykje er sjølvsagd som før, men umiddelbart er det to ting eg merker:

1. Eit eller anna har skjedd med lesinga frå harddisken. Det går svært kjapt å til dømes skifte maildir i mutt. Det skyldast kan hende eit eller anna program eg hadde installert før oppgraderinga, og ikkje noko nytt no.

2. Suspend fungerer utrolig nok for, til tross for teit skjermkort, men resume er det noko feil med framleis. Uansett – løysinga for suspend er nok innafor rekkevidde.

Det skal bli spanande å sjå om det opnar fleire dører til linux for folk når denne versjonen av Ubuntu er ferdig. Til tross for at det eg driver med er å stupe ut i svømmebassenget før det er skikkeleg fylt med vann, er eg svært imponert over korleis det meste er svært raskt, stabilt og oversiktlig, sjøl om ein enno ikkje har kome til betatestinga.

Og det er jo på sin plass. Ubuntu 8.04 er neste «LTS», langtidsstøtta», Ubuntu-versjon. For dei som vil ha ein stabil maskin i tre år, er det bare å telje ned til 26. april. For folk som meg, som ikkje kan vente, last ned nå og lev farlig :).

Hurra for Breezy Badger!

Eigentleg var det ikkje naudsynt med han enno. Hoary Hedgehog heldt mål i høgaste grad. Men eit halvt år har gått, og då kjem det tradisjonen tru ein heilaftan for Ubuntu-Linux-nerdar.

Ubuntu er afrikansk og tyder mellom anna «eg er den eg er, på grunn av kva me alle er». Ubuntu Linux har ein gjennomtenkt filosofi. Kjerna er:

1. Ein kvar brukar av datamaskinar skal ha fridom til å køyre, kopiere, distribuere, studere, dele, endre og betre deira programvare til eit kvart føremål, utan å betale lisenspengar.

2. Ein kvar brukar av datamaskinar skal vere i stand til å nytte deira programvare på språket dei ønskjer.

3. Ein kvar brukar av datamaskinar skal ha all høve til å bruke programvare, sjølv om dei har funksjonshemmingar.

Eg var ein av dei som ikkje kunne vente. Eg la inn Breezy Badger på den berbare for fleire veker sidan. Det vil seie – førslepputgåven av han. Eg byrja installasjonen av operativsystemet på Oslo S og var ferdig før eg kom til Asker.

Det var sjølvsagt ikkje utvalet mitt av pakkar som låg i botn for denne Ubuntuen, men eg heldt meg til standardpakkane den første kvelden. For normale menneske er dette nesten alt ein treng.

Vil du sjå DVD-filmar, må du sjølvsagt leggja inn det manuelt, sidan det er ulovleg i ein del land. I Noreg kan me køyre eit lite installasjonsprogram, ‘install-css.sh’, med godt samvett.

For dei som har iPod kan det vere lurt å leggje inn ‘gtkpod’ og ‘lame’. Du må leggja til universe og multiverse i programarkiva (repositories). Dette er enkelt om du nyttar ‘synaptic’ (System – Administrasjon på menyen).

Velvel…

Nok nerdskap. No skal eg i operaen og sjå generalprøve på folkeoperaen Tryllefløyten.