Kategoriarkiv: Generell

Lystigare tonar?

Årstidene med Jo Strømgren

Nei, eg snakkar ikkje om statsbudsjettet eller aviser med raud logo.

Eg kunne sjølvsagt snakka om årstidene til Vivaldi i Jo Strømgrens regi, som eg var så heldig å få oppleve i kveld. Fantastisk!

Men det som får meg til å skrive her for fyrste gong på over to år er den nye plata til Belle og Sebastian. Den kjem i butikkane på måndag, men ein kan faktisk høyre heile her: http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=130212728. Og dei skuffar ikkje.

Eg vonar dei lystige tonane til Belle og Sebastian ber bud om ein haust fylt med seg mange smil!

Ikkje planlagde avvik

Ikkje planlagde avvik

Måndag 25. februar 2008 kl 18.59 skulle toget til Drammen gå frå Nationaltheatret.

Det sa iallfall trafikanten.no, og det stod og «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» på framsida.

Så, min overrasking burde vera stor når eg fekk opplysning over ein dårleg høgtalar på Nationaltheatret at dei fleste tog var innstilt, og at me måtte nytte buss frå Oslo S, og at reisande òg vestover skulle ta eit flytog til Oslo S for å bytte til buss der.

Vel framme på Oslo S, eit par minuttar over sju, går eg mot «Buss for tog»-plattforma. Noko skryt skal Jernbaneverket ha – når dei sett opp vakre, permanente skilt, som kan minne oss på at jernbanen ofte visar seg frå sin svake side.

Bussen hadde sjølvsagt nett gått og eg måtte vente på neste buss, som rett nok berre gjekk til Asker der eg måtte bytte til tog. – Javel, då står kan hende toget og ventar i Asker, då vert eg ikkje meir enn ein halvtime forseinka – ikkje dårleg.

Og – då me gjekk av bussen så stod eit tog og venta. Avgangstid var 19.41, klokka sa 19.44. Me var vel ein 30-40 personar som gjekk målretta mot toget. Men dei gjorde nok det mest for å terge oss, for då eg var komen to meter frå døra til den fyrste vogna, slamra han igjen.

Eg var ikkje den einaste som hytta neven etter toget då. Eg kjende inni meg at det var godt eg ikkje hadde ein brustein i handa.

Ein time etter at eg stod på Nationaltheatret – ein time med konstant reising og skifte av framkomstmiddel – hadde eg altså framleis ikkje komet meg lenger enn til Asker.

For ein ting er å vera forseinka. Eg kan glatt takle halvannan time forseinking om eg berre får vore i ro. Men all denne gåinga og skiftinga og undringa på om eg rekk bussen i Drammen slit mykje meir enn to timar i ro på ein benk på Oslo S.

Så var tida komen for toget 20.08. Eg stod lengst framme, og var på veg om bord då eg fekk beskjed om å gå til vogna lenger bak. Der var det sjølvsagt 20 andre som skulle om bord, så det dreit eg kaldt i – og gjekk om bord og sette meg.

Eg spurte den uniformskledde mannen som hadde forlangt at eg skulle gå 20 meter ekstra etter ordre frå NSB om toga no gjekk som normalt gjennom Oslo. Det gjorde dei. Eg kunne altså ha venta i eit kvarter og tatt neste tog i staden for å lytte til sprakestemma som knapt nok kan høyrast. (Eg veit at «Jernbaneverket» stod bak sabotasjen i dag, men det er NSB eg er kunde hos. På same måte gir eg Kiwi skulda om dei sel dårlege bananar, eg går ikkje til bananleverandøren.)

Eg visste sjølvsagt at eg ikkje kom til å rekke bussen, men eg visste òg at eg kjem til å krevje pengane attende for både drosje og månadskortet på NSB og at eg måtte sjekke kva pris Timekspressen har for månadskortet.

Sjølvsagt er ikkje det aktuelt – eg liker jo tog – det er noko med å setje seg om bord på toget om morgonen og drikke kaffien eg har med på termosen og lese ein god bok (nett no: Anna Gavalda: Eg elska ho).

Omsider var eg framme i Drammen og til mi overrasking står det eit par oransjekledde folk frå NSB der. Eg spurde dei om dei ville gje meg ein drosjerefusjon og dei ba meg vente til sjefen deira kom. Eit par minuttar gjekk, og eg blei plassert inn i ein drosje.

Eg har lært to ting i dag:

1. Det viktigaste er ikkje korleis du handsamar folk undervegs, men korleis du handsamar dei i det siste leddet. Det siste inntrykket er det som sit best, og folk roar seg.

2. At trafikanten.no skriver «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» tyder ikkje at alt er i rute. Kan hende det tyder noko slikt som «Dagens trafikk – avvik som ikkje er planlagde». For eg ser no at om ein klikkar på lenkja får man opp:

Tog
Togtrafikken normaliseres langsomt i løpet av mandag kveld.
Det vil fortsatt være enkelte forsinkelser og innstillinger.Morgentrafikken tirsdag 26. februar forventes å gå som normalt.
Togene mellom Eidsvoll og Kongsberg samt mellom Moss og Spikkestad er begge innstilt mellom Oslo S og Sandvika.
Det kjøres busspendel på strekningene Oslo S-Sandvika og Skøyen-Oslo S (ved spor 19)

Så – då ser det ut til at eg held fram med NSB – enn så lenge.

Eittårsdag

Eg har feira åremålsdagen for siste posting til sida med å leggja ho over i WordPress. Det tyder ikkje at eg kjem til å oppdatere sida meir framover, men at det blir lettare å bla seg bakover i arkivet (og då vil ein tydeleg sjå kor sporadisk eg skriv på sida mi.)

Sjølvsagt er det litt vemodig å forlata det blå, svarte og kvite, men humøret mitt er kan hende noko lysare om dagen enn det var i 2001.

Ein to dagar gammal prinsesse

To dager gammel valp Kvalpen på biletet var to dagar gammal då biletet vart tatt. Ho var fødd 19. april og ho og hennar fem sysken i har allereie rokke å sjarmere ein skokk med folk som dagleg følgjer kvalpedagboka til kullet.

Eg var så heldig å vera med førre gong eit kolsvart kull kom til verda på Rønningen. Det er utruleg kor mykje kunnskap hundar har frå naturen sin side. Med ein gong dei sprett ut i sine små posar (fosterhinner), kuttar mora posane opp samstundes som ho kuttar navlestrengen. Ho sleikjer dei reine, og sleikjer dei på magen slik at deira umettelege lyst på mjølk blir stimulert. Kvalpane kryp målretta mot pattane til mora, og i nokre dagar er livet deira berre søvn og svolt.Likevel serverer Gunn rykande ferske kvalpesoger kvar dag, med vakre bilete av lykkelege små hundar.

Nextgentull?

Nextgentel er i vinden som aldri før. Selskapet er kjent for å være omtrent som den russiske boligmarknaden. For dei som har kome seg inn er det bra. For dei som vil inn, eller vil flytte, er det eit system for å skilje ut dei mest utholdande.
Eg har sjølvsagt ein teori på kvifor dette firmaet ynskjer å vera kjent for ein slett kundeservice:
Nextgentel ynskjer å sortere ut kundane sine. Dei vil levere gode tenester til fornøyde kunder, som kjenner det hemmelege handtrykket. Kan hende nokre blåruss har rekna på at det er dei absurd lojale kundane som òg er dei sikraste og best betalande kundane.

Når Nextgentel med jamne mellomrom gjer livet surt for kundane sine, til dømes ved at dei nektar dei å sende e-post, er det altså for å kvitte seg med kundar dei ikkje vil ha.

Kopisperre er spelesperre, men ikkje kopisperre

Srrrr.srrrr.srrrr.srrrr.spill.srrrr.srrrrrrrrr … Den bærbare pc-en min nekta å samarbeide med meg då eg ville spele den nye plata av Depeche Mode – Playing the Angel. «Ånei – ikke sånn dum kopisperre,» tenkte eg og forbanna meg over å ikkje å ha sjekka det før eg kjøpte plata.
Men eg prøvde forskjellige program, og oppdaga at det gjekk utmerka å starte å rippe cd-en. Riktignok gjekk det sakte, så eg la cd-en inn i ein annan datamaskin, der det ikkje kom srrr.srrr.srrr.
Etter 10 minutt var ogg-filane trygt plasserte på harddisken slik at eg kunne spele kopien cd-en eg eigentleg prøvde å spele originalen av…

For høns

Om noen tviler på at høyre er dritt:
1913: Mot stemmerett for kvinner
1919: Mot 8-timersdag
1936: Mot arbeidstrygd
1937: Mot trygd til blinde og uføre
1937: Mot å avskaffe fysisk straff i skolen
1947: Mot Statens Lånekasse
1959: Mot arbeidsledighetstrygd
1961: Mot uføretrygd
1972: Mot at karakterer i grunnskolen ble fjernet
1981: Mot å opprette barneombud
1991: Mot skolefritidsordningen (SFO)
1994: Mot lovfestet rett til videregående opplæring
1996: Mot gratis skolemateriell på videregående
2002: Kuttet arbeidsledighetstrygd fra 3 til 2 år
2002: Fjernet gravferdshjelpen
2003: Vil redusere tilskuddene til kulturskolen med 50%
Godt valg!

Svenskeslagord

Då er eg attende frå Stockholm. Dei hadde ein flott demo med kring 30-40 000 på laurdag. Noko særs bra var at dei hadde godt organisert slagordroping. På vaktmøtet fekk vaktane delt ut kvar si megafon og kvart sitt gule ark med slagord – og slagorda var varierte og gode. Eit døme er:

Vakt: Va tyckar ni om Bush?

Alle: ILLA! – ILLA!

Vakt: Va tyckar ni om Bush?

Alle: ILLA! – ILLA!

Vakt: Hur illa?

Alle: SKITILLA, USH – USH – USH

Eit anna er:

Ush – Bush

Du tar fel!

Krig er inget tv-spel!

Heia Stockholm!

Takk

Takk for dei vakre orda Christian! Hmmm. No må eg sjå til å koma meg ut frå kontoret… (eg har trådd inn i linux-verda, eit val eg er glad for, sjølv om det tek noko tid å finna ut av alt…)

For dei som lurer, så har eg lagt inn RedHat Linux 8.0. I pakka fulgte alle programma eg treng med, mellom anna Mutt (e-post), OpenOffice (word og slikt), Galeon (nettlesar). Vel … no lyg eg litt. Eg treng framleis Indesign for å lage medlemsavisa til SOS Rasisme, men den kan eg kjøre via ei virtuell maskin (vmware). Ok – nok nørdesnakk for i dag.