Kategoriarkiv: media

Alternativfjernsyn

I ei tid fylt med oppstykka programsnuttar og femminutters klipp på youtube, er det godt at nokon går mot straumen. 134 timer direktesendt hurtigrutereise, det er mykje betre enn hundre OL. Hadde eg hatt tv, hadde eg latt den stå på dei neste fem døgna. Men i staden skal eg boltra meg i bittorrents som NRK legg ut underveis – og streamingen her.

(NRK har litt tekniske problemer, så foreløpig bruker jeg vanlig nett-tv

Lenge leve den frie pressa

VG og Dagbladet med sitt alltid like kritiske søkjelys. Foto: Jerry Friedman/ Wikicommons
VG (lengst framme) og Dagbladet med sitt alltid like kritiske søkjelys. Siv Jensen og Lars Sponheim i bakgrunnen

I dag kan me vera stolte av kor langt ytringsfridomen vår går.

Ikkje berre lågpanna vitseteikningar som går 30-talets sjikane ein høg gong fyller vårt demokratiske sinnelag.

Nei, denne veka får me òg oppleve korleis den frie pressa vår hyller ytringsfridomen gjennom ein real mobbekampanje av to einskildmenneske.

Ja, det kan sjølvsagt vera at Ramin-Osmundsen har gjort noko gale. Det kan hende at éin kritisk sak hadde vore på sin plass.

Eg er òg i stor grad samd i kritikken frå Press, det er eit problem at det er regjeringa som utnemner eit kontrollorgan.

Men proporsjonane i denne saka har blitt enorme. Media fyller ikkje rolla som kritisk i anna enn å vera eit hylekor.

Som hyenar stimlar dei om slaktet, mens dei tel sitt ekstra salstal.

Det er kritisk evne det, ja.

Ein må spørje seg om til og med den gjengse Hitlerjugenden hadde større evne til refleksjon enn tabloidane i dagens Noreg.

Pennen er skarpare enn sverdet, vert det sagt. Men om ein hadde svinga sverdet slik som media mobbar om dagen, hadde gatene vore raude av blod.