Arkiv for kategorien 'Musikk'

Eslet er attende

onsdag 13. februar 2008

Eselet - Tindersticks

Det har gått mange år sia Tindersticks sist gav ut album. No ser ventetida ut til å gå mot slutten. 28. april er datoen for det nye albumet. Eit album dei spelte inn i Frankrike i fjor. Allereie no har dei gjeve oss ei lita gåve. The flicker of a little girl kan ein laste ned gratis frå myspace-sida deira.

Den er i velkjent stil. Melankolsk, som alltid, og med eit lydbilete som berre Tindersticks kan dyrke fram.

Sjølvsagt saknar eg Dickon Hinchliffe. Men eg trudde faktisk at tomrommet etter han skulle vera tydelegare. Eg ser fram til albumet og eg ser ikkje minst fram til turneen (kan hende dei tar med seg ein flokk strykarar for å minske det synlege tapet av Hinchliffe?).

Enn så lenge – The flicker of a little girl er ein vakker ventegåve.

Hurra

fredag 12. september 2003

Bare én dag igjen til tindersticks spiller på rockefeller. Hurra!

Johnny Cash er død

fredag 12. september 2003

Johnny Cash er død. Det ble aldri lysere tider for mannen i sort.

Legenden stilte seg alltid på de undertryktes side - enten det var gjennom opptredener i fengsler eller stadionkonserter mot den første Gulf-krigen i 1991.

Verden har mistet en av de største musikerne. Det er en sort dag. Og hva er vel mer passende enn å høre Stuart Staples sørgmodige stemme i kveld?

proghelg

tysdag 9. september 2003

Det er OsloProg03 til helgen! Mye bra å få med seg, se programmet på tarkus.org. Jeg kommer garantert til å være der søndag kl 21.00 - Tirill Mohn spiller der da - sjekk ut musikken hennes på NRK Urørt.

Tindersticks i spelaren

fredag 6. juni 2003

Tindersticks sleppte som kjent Waiting for the moon på tysdag. Allereie når du held omslaget i handen veit du at dette er ei plate som svarer til forventning.

Sjølvsagt røyrte tindersticks ved hjartet mitt meir før. Dei tre fyrste albuma fillerista sjølvsagt sjela mi meir enn eg vert av dei seinaste platene.

Likevel - dette er ei fantastisk bra plate. Eg er framleis i for stor rus til å gje nokon skikkelig anmelding av plata, men nøyer meg med å takke Dickon Hincliffe og hans gode vener for å levere varer. - eg kjem 12. sept.

99 ballongar

fredag 30. mai 2003

For dei som ikkje har møtt meg lenge nok til å oppdage at eg har 99 luftballons som lyd på mobilen min … ein perfekt 80-tallshit … han sett seg akkurat passe fast på hjernen.

Og då er det jo kjekt at the Sun (eg leste det på Yahoo) kan melde at Robbie Williams og Nena vil framføre sangen hennar saman under konserten deira i Gelsenkirchen.

Treng me idol?

fredag 23. mai 2003

Ja, då er det kvelden til Idola våre, og i morgon er det melodi grand prix.

I hus og hytte finn folk fram fintøyet og poengskjemaene og henter alle sine inndata frå vakker underhaldning.

Er dette noko galt? Nokon kan kanskje meine at folk vert passive av dette, og dermed eit enkelt byte for usask moroindustri. Før ein veit ordet av det kjem folk til å handle ein-gongs-dvd-ar frå disney-konsernet og gløyme alt som var eiga skaparkraft…

Men er Grand Prix og Idol dei store, stygge ulvane i så henseende?

Eg er mykje meir bekymra for meiningslause sitkomer frå statane, enn eg er for slik underhaldning som handlar om å skapa heltar - folk ein kan identifisere seg med.

Gje meg eit 100-tals Kurter, Gauter og Josteiner framfor nok ein Rachel. Eg trur Idol er med på å vise at kvar einskild er unik og har noko viktig å bidra med. Venar for livet seier meir noko om at ein ikkje skal strekkja seg og at underhaldning er noko som fell i fanget ditt.

Så - når eg i kveld og i morgon kveld benkjer meg foran skjermen, gjer eg det med godt samvet.

Lykke til Jostein, sjølv om Ukraina, Tyrkia og Austerrike er tøffare, er eg sjølvsagt patriot og heier på Noreg!

H&M råkker (sic)

fredag 16. august 2002

Dei mjuke mennene i The Retardos, tidlegare kjent som pønkband, viser seg i sitt rette element på Hennes & Mauritz på Oslo City. Eg skal dit fredag 16. aug kl 1800, men dei speler òg to sett på laurdag.

> The Retardos

Mye moro til helgen

tysdag 30. juli 2002

For fjerde året vert det Krocketfestival i Halden sentrum. Festivalen byggjer på krocket og solide norske rockeband. Kort sagt, krock og rock. Av band kan eg nemne Peru You, Salvatore og ikke minst Pornshot.

I tillegg til dette har Revolusjon sumarleir i helgen. Det er òg eit gjengs sted å vere.

> Krocketfestivalen

Takk!

fredag 15. februar 2002

Ein stor klem til Pornshot for gleda dei spredde frå scena på So What i går kveld. Me sjåast igjen på Blå, onsdag 6. februar!

> Pornshot