HP Pavillon dv6653eo med Ubuntu Hardy
Tida var komen for utskiftning av bærbar pc, og etter eit møysommelegt val vart det til slutt ein HP som kom i posten til meg. Sjølvsagt måtte han få Ubuntu Hardy Heron installert, jamvel det framleis er åtvara om at «This is still an alpha release. Do not install it on production machines. The final stable version will be released in April 2008.»
Første kvelden
- 17.00 - 19.30 La den preinnstallerte Windows Vista bli ferdig innstallert
- 19.30 - 22.45 Laga to gjennopprettings-dvd-ar
- 22.45 - 00.30 Defragmentere og køyre chkdsk /f frå «HP Recovery».
- 00.30 - 00.40 Køyre Ubuntu Hardy Alpha 6-cd-en, gå inn i partisjonsprogrammet, skalere ned windowspartisjonen til rundt 30Gb.
- 00.40 - 01.00 Starte installerasjonen, svare på noen spørsmål og gå og legge meg mens den jobba videre
- Det neste ser vi i logfila: 01:52:00 fanon syslogd 1.5.0#1ubuntu1: restart.
Dagen etter
Mykje må gjerast med ein ny maskin. Eg gjorde følgande
- Lasta ned masse oppdateringer
$ sudo apt-get update; sudo apt-get dist-upgrade -
Installere programmene eg ikkje klarar meg utan lenger… (det holdt med ei line:
$ sudo apt-get install awn-manager emerald fusion-icon compizconfig-settings-manager ca-certificates procmail sshfs ssh emacs21 vim build-essential imagemagick sox freeciv-client-gtk mutt screen wine mimms msmtp getmail4 spamc spamassassin wacom-tools inkscape gnome-hearts cairo-clock screenlets gnome-bluetooth- og dermed var det i boks)
- Finne ut av dei to problema eg hadde - skjermoppløysinga og trådløst internett
- Kopiere over alt frå den gamle maskina.
Vel - eg skal fortele litt om punkt 3 og 4 seinare. —– Meir info på: https://wiki.ubuntu.com/LaptopTestingTeam/HPDV6653eo