Vaffvaff vaffvaff


Valpen Nakke under stolen
Kvalpane til Arja er blant dei største sjarmørane eg har møtt.

Eg mistenker Kennel Arminzera for å oppdra kvalpar med særskilt tanke på å skape 5 veker gamle kontaktsøkjande, logrande nøste, slik at så mange oppglødde kvalpekjøparar som mogleg strøymer på, slik at dei kan sortere ut dei mest lovande kvalpekjøpararene.

Det å skilje seg av med ein einaste av desse kvalpane er nok som å gje fra seg eitt av sina eigne born. Eg vonar valpekjøparane visar seg verdige!

Ein to dagar gammal prinsesse

To dager gammel valp Kvalpen på biletet var to dagar gammal då biletet vart tatt. Ho var fødd 19. april og ho og hennar fem sysken i har allereie rokke å sjarmere ein skokk med folk som dagleg følgjer kvalpedagboka til kullet.

Eg var så heldig å vera med førre gong eit kolsvart kull kom til verda på Rønningen. Det er utruleg kor mykje kunnskap hundar har frå naturen sin side. Med ein gong dei sprett ut i sine små posar (fosterhinner), kuttar mora posane opp samstundes som ho kuttar navlestrengen. Ho sleikjer dei reine, og sleikjer dei på magen slik at deira umettelege lyst på mjølk blir stimulert. Kvalpane kryp målretta mot pattane til mora, og i nokre dagar er livet deira berre søvn og svolt.Likevel serverer Gunn rykande ferske kvalpesoger kvar dag, med vakre bilete av lykkelege små hundar.

Dapper Drake

Ubuntu 6.06, med det klingande kodenamnet Dapper Drake, kjem først i juni. Men små gutar som ikkje kan vente på betatesten eingong, har lagt inn og testa ein testversjon. Det var ein sann fryd å installere han, eller kanskje det er ei hodrake*? Ikkje eitt einaste klynk frå maskina under installasjonen og nesten alt fungerer som det skal frå første stund.

Det er tre ting som eg særskilt har merka meg som særs bra i nye Ubuntu.

For det fyrste går alt kjappare enn i gamle Breezy Badger. Særs kan ein føle forskjell når ein opnar eit program, når ein skrivar i OpenOffice eller skal attende frå kvile- eller dvalestatus.

For det andre har den ein snøggveljar for trådlause nett. Berre klikk og vel (og evt skrive inn passord).

For det tredje har noko som har fått namet Deskbar dukka opp. Her kan du skrive inn eit stikkord og alternativa kjem opp på løpande band etter kvart som du tastar. Den hugsar det siste valet, så det kjem høgast. Dette er eit ekstremt nyttig verktøy, av den typen ein sendar andre operativsystem på skraphaugen for. (Då eg gjekk over til Linux ein gong i tida, var det nettopp ein sak som var avgjerande – det var skrivebordsveljaren.)

Heia Ubuntu 6.06! Dette er store saker!

*) Eg er klar over at det engelske ordet ‘drake’ er ein hankjønnsand, ikkje ein drake. Men ender er òg sjarmerande skapningar, dei er ikkje så reint ulike drakar heller.

Nextgentull?

Nextgentel er i vinden som aldri før. Selskapet er kjent for å være omtrent som den russiske boligmarknaden. For dei som har kome seg inn er det bra. For dei som vil inn, eller vil flytte, er det eit system for å skilje ut dei mest utholdande.
Eg har sjølvsagt ein teori på kvifor dette firmaet ynskjer å vera kjent for ein slett kundeservice:
Nextgentel ynskjer å sortere ut kundane sine. Dei vil levere gode tenester til fornøyde kunder, som kjenner det hemmelege handtrykket. Kan hende nokre blåruss har rekna på at det er dei absurd lojale kundane som òg er dei sikraste og best betalande kundane.

Når Nextgentel med jamne mellomrom gjer livet surt for kundane sine, til dømes ved at dei nektar dei å sende e-post, er det altså for å kvitte seg med kundar dei ikkje vil ha.

Kopisperre er spelesperre, men ikkje kopisperre

Srrrr.srrrr.srrrr.srrrr.spill.srrrr.srrrrrrrrr … Den bærbare pc-en min nekta å samarbeide med meg då eg ville spele den nye plata av Depeche Mode – Playing the Angel. «Ånei – ikke sånn dum kopisperre,» tenkte eg og forbanna meg over å ikkje å ha sjekka det før eg kjøpte plata.
Men eg prøvde forskjellige program, og oppdaga at det gjekk utmerka å starte å rippe cd-en. Riktignok gjekk det sakte, så eg la cd-en inn i ein annan datamaskin, der det ikkje kom srrr.srrr.srrr.
Etter 10 minutt var ogg-filane trygt plasserte på harddisken slik at eg kunne spele kopien cd-en eg eigentleg prøvde å spele originalen av…

Må tabloidmedia vera eit mikrofonstativ for nazistane til ein kvar tid?

Dagbladet fortener pryl for denne artikkelen: http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/11/15/449433.html

Dette er rein reklame for Vigrid. Dei får Vigrid til å framstå som jamgod med det norske skuleverket. På den eine sida meiner skuleverket – på den andre sida meiner Vigrid…

Eg vil tru dette er eit absurd utslag av at journalisten har forlese seg på at pressa skal vera fri. Eg ventar i spenning på at journalisten snart framstiller til dømes valdtekt på same måte. Dagbladet i neste veke:

«Skulle du eller gruppen du er med i ha en oppgave å skrive som går inn på de feltene vår nettside dekker kan du sende oss de spørsmålene du ønsker svar på så skal vi etter beste evne besvare dem sett fra vår synsvinkel og vårt krav om sann og objektivt syn på voldtekt.»

Voldektsmannsklubben lover å svare på de innsendte spørsmålene innen tre dager.

«Hvis du gjør våre svar til dine egne, risikerer du å stryke på oppgaven og det er ikke meningen. Ensretting og straff i form av dårlige karakterer for politisk ukorrekte oppfatninger gjennomsyrer i dag undervisningssystemet.»

Sjølv om menn framleis valdtek, lar ikkje media det å stø valdtekter vera ein like grei haldning som det å vera i mot valdtekter.

Eksempelet er kan hende noko absurd. Men det er eigentleg enda meir absurd at Dagbladet klarer å lage ein reportasje der lar det å fornekte industrielt drap på jøder og andre under andre verdskrig vera ein grei meining å ha.

Det er uansett eit problem å vise fram Vigrid i media. Sjølv om TV2 får Tore Tvedt til å framstå som ein rar, halvgammal og galen nisse som bur for seg sjølv i skogen og likar å bli vitja av unge jenter og gutar, vil Vigrid like fullt få merksemd om det. Dei får like fullt spreie sitt hatbodskap gjennom TV2.

Riv Festning Europa!

Festning Europa er høgst reell. EU sprøytar millionar inn i stengsler mot menneske frå andre deler av verda.

For dei fleste nordmenn er det ein sjølvsagt ting å kunne dra nær sagt kor som helst i verda, anten i jobb eller på ferie. Iallfall så lenge pengane strekk til. Slik har dei fleste kvite folk i verda det.

Men for dei flest som er mørke i huden, er fridommen til å dra kor ein vil svært liten. Muren som Europa byggjer er høgst reell og høgst rasistisk. For medan europeiske selskap gjennom ulike avtaler krev full rett til å plyndre land i den tredje verda, og medan dei sikrar seg kontroll over til dømes vassforsyninga og oljefelt i stadig fleire land, og medan retten til å flytte varer att og fram over alle grenser utan nasjonale rettar til å byggje opp lokal industri, er retten til menneske å flytte seg over dei same grensane ikkje til stades.

Kva er det med genane til kvite europearane, sidan vi har denne retta?

· Magasinet, Dagbladet

Hurra for Breezy Badger!

Eigentleg var det ikkje naudsynt med han enno. Hoary Hedgehog heldt mål i høgaste grad. Men eit halvt år har gått, og då kjem det tradisjonen tru ein heilaftan for Ubuntu-Linux-nerdar.

Ubuntu er afrikansk og tyder mellom anna «eg er den eg er, på grunn av kva me alle er». Ubuntu Linux har ein gjennomtenkt filosofi. Kjerna er:

1. Ein kvar brukar av datamaskinar skal ha fridom til å køyre, kopiere, distribuere, studere, dele, endre og betre deira programvare til eit kvart føremål, utan å betale lisenspengar.

2. Ein kvar brukar av datamaskinar skal vere i stand til å nytte deira programvare på språket dei ønskjer.

3. Ein kvar brukar av datamaskinar skal ha all høve til å bruke programvare, sjølv om dei har funksjonshemmingar.

Eg var ein av dei som ikkje kunne vente. Eg la inn Breezy Badger på den berbare for fleire veker sidan. Det vil seie – førslepputgåven av han. Eg byrja installasjonen av operativsystemet på Oslo S og var ferdig før eg kom til Asker.

Det var sjølvsagt ikkje utvalet mitt av pakkar som låg i botn for denne Ubuntuen, men eg heldt meg til standardpakkane den første kvelden. For normale menneske er dette nesten alt ein treng.

Vil du sjå DVD-filmar, må du sjølvsagt leggja inn det manuelt, sidan det er ulovleg i ein del land. I Noreg kan me køyre eit lite installasjonsprogram, ‘install-css.sh’, med godt samvett.

For dei som har iPod kan det vere lurt å leggje inn ‘gtkpod’ og ‘lame’. Du må leggja til universe og multiverse i programarkiva (repositories). Dette er enkelt om du nyttar ‘synaptic’ (System – Administrasjon på menyen).

Velvel…

Nok nerdskap. No skal eg i operaen og sjå generalprøve på folkeoperaen Tryllefløyten.