Stikkordarkiv: Data

Kopisperre er spelesperre, men ikkje kopisperre

Srrrr.srrrr.srrrr.srrrr.spill.srrrr.srrrrrrrrr … Den bærbare pc-en min nekta å samarbeide med meg då eg ville spele den nye plata av Depeche Mode – Playing the Angel. «Ånei – ikke sånn dum kopisperre,» tenkte eg og forbanna meg over å ikkje å ha sjekka det før eg kjøpte plata.
Men eg prøvde forskjellige program, og oppdaga at det gjekk utmerka å starte å rippe cd-en. Riktignok gjekk det sakte, så eg la cd-en inn i ein annan datamaskin, der det ikkje kom srrr.srrr.srrr.
Etter 10 minutt var ogg-filane trygt plasserte på harddisken slik at eg kunne spele kopien cd-en eg eigentleg prøvde å spele originalen av…