Eg vonar QXL ikkje meiner det inst inne. Men eg kan vitterleg sjå det føre meg: «Nyimportert Chihuahua, pent brukt», kor auksjonen byrjar på 500 kroner, frakt ikkje inkludert…
Det var dagens hjartesukk. For øvrig orsakar eg for sjeldne oppdateringar her. Se arminzera.no/Nenya, Nenyas blogg eller SOS Rasisme for meir oppdatert info om kva eg fyller dagane med.
Stikkordarkiv: Hund
Vaffvaff vaffvaff
Kvalpane til Arja er blant dei største sjarmørane eg har møtt.
Eg mistenker Kennel Arminzera for å oppdra kvalpar med særskilt tanke på å skape 5 veker gamle kontaktsøkjande, logrande nøste, slik at så mange oppglødde kvalpekjøparar som mogleg strøymer på, slik at dei kan sortere ut dei mest lovande kvalpekjøpararene.
Det å skilje seg av med ein einaste av desse kvalpane er nok som å gje fra seg eitt av sina eigne born. Eg vonar valpekjøparane visar seg verdige!
Dapper Drake
Ubuntu 6.06, med det klingande kodenamnet Dapper Drake, kjem først i juni. Men små gutar som ikkje kan vente på betatesten eingong, har lagt inn og testa ein testversjon. Det var ein sann fryd å installere han, eller kanskje det er ei hodrake*? Ikkje eitt einaste klynk frå maskina under installasjonen og nesten alt fungerer som det skal frå første stund.
Det er tre ting som eg særskilt har merka meg som særs bra i nye Ubuntu.
For det fyrste går alt kjappare enn i gamle Breezy Badger. Særs kan ein føle forskjell når ein opnar eit program, når ein skrivar i OpenOffice eller skal attende frå kvile- eller dvalestatus.
For det andre har den ein snøggveljar for trådlause nett. Berre klikk og vel (og evt skrive inn passord).
For det tredje har noko som har fått namet Deskbar dukka opp. Her kan du skrive inn eit stikkord og alternativa kjem opp på løpande band etter kvart som du tastar. Den hugsar det siste valet, så det kjem høgast. Dette er eit ekstremt nyttig verktøy, av den typen ein sendar andre operativsystem på skraphaugen for. (Då eg gjekk over til Linux ein gong i tida, var det nettopp ein sak som var avgjerande – det var skrivebordsveljaren.)
Heia Ubuntu 6.06! Dette er store saker!