Stikkordarkiv: Jernbaneverket

Ikkje planlagde avvik

Ikkje planlagde avvik

Måndag 25. februar 2008 kl 18.59 skulle toget til Drammen gå frå Nationaltheatret.

Det sa iallfall trafikanten.no, og det stod og «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» på framsida.

Så, min overrasking burde vera stor når eg fekk opplysning over ein dårleg høgtalar på Nationaltheatret at dei fleste tog var innstilt, og at me måtte nytte buss frå Oslo S, og at reisande òg vestover skulle ta eit flytog til Oslo S for å bytte til buss der.

Vel framme på Oslo S, eit par minuttar over sju, går eg mot «Buss for tog»-plattforma. Noko skryt skal Jernbaneverket ha – når dei sett opp vakre, permanente skilt, som kan minne oss på at jernbanen ofte visar seg frå sin svake side.

Bussen hadde sjølvsagt nett gått og eg måtte vente på neste buss, som rett nok berre gjekk til Asker der eg måtte bytte til tog. – Javel, då står kan hende toget og ventar i Asker, då vert eg ikkje meir enn ein halvtime forseinka – ikkje dårleg.

Og – då me gjekk av bussen så stod eit tog og venta. Avgangstid var 19.41, klokka sa 19.44. Me var vel ein 30-40 personar som gjekk målretta mot toget. Men dei gjorde nok det mest for å terge oss, for då eg var komen to meter frå døra til den fyrste vogna, slamra han igjen.

Eg var ikkje den einaste som hytta neven etter toget då. Eg kjende inni meg at det var godt eg ikkje hadde ein brustein i handa.

Ein time etter at eg stod på Nationaltheatret – ein time med konstant reising og skifte av framkomstmiddel – hadde eg altså framleis ikkje komet meg lenger enn til Asker.

For ein ting er å vera forseinka. Eg kan glatt takle halvannan time forseinking om eg berre får vore i ro. Men all denne gåinga og skiftinga og undringa på om eg rekk bussen i Drammen slit mykje meir enn to timar i ro på ein benk på Oslo S.

Så var tida komen for toget 20.08. Eg stod lengst framme, og var på veg om bord då eg fekk beskjed om å gå til vogna lenger bak. Der var det sjølvsagt 20 andre som skulle om bord, så det dreit eg kaldt i – og gjekk om bord og sette meg.

Eg spurte den uniformskledde mannen som hadde forlangt at eg skulle gå 20 meter ekstra etter ordre frå NSB om toga no gjekk som normalt gjennom Oslo. Det gjorde dei. Eg kunne altså ha venta i eit kvarter og tatt neste tog i staden for å lytte til sprakestemma som knapt nok kan høyrast. (Eg veit at «Jernbaneverket» stod bak sabotasjen i dag, men det er NSB eg er kunde hos. På same måte gir eg Kiwi skulda om dei sel dårlege bananar, eg går ikkje til bananleverandøren.)

Eg visste sjølvsagt at eg ikkje kom til å rekke bussen, men eg visste òg at eg kjem til å krevje pengane attende for både drosje og månadskortet på NSB og at eg måtte sjekke kva pris Timekspressen har for månadskortet.

Sjølvsagt er ikkje det aktuelt – eg liker jo tog – det er noko med å setje seg om bord på toget om morgonen og drikke kaffien eg har med på termosen og lese ein god bok (nett no: Anna Gavalda: Eg elska ho).

Omsider var eg framme i Drammen og til mi overrasking står det eit par oransjekledde folk frå NSB der. Eg spurde dei om dei ville gje meg ein drosjerefusjon og dei ba meg vente til sjefen deira kom. Eit par minuttar gjekk, og eg blei plassert inn i ein drosje.

Eg har lært to ting i dag:

1. Det viktigaste er ikkje korleis du handsamar folk undervegs, men korleis du handsamar dei i det siste leddet. Det siste inntrykket er det som sit best, og folk roar seg.

2. At trafikanten.no skriver «Dagens trafikk – ikke planlagte avvik» tyder ikkje at alt er i rute. Kan hende det tyder noko slikt som «Dagens trafikk – avvik som ikkje er planlagde». For eg ser no at om ein klikkar på lenkja får man opp:

Tog
Togtrafikken normaliseres langsomt i løpet av mandag kveld.
Det vil fortsatt være enkelte forsinkelser og innstillinger.Morgentrafikken tirsdag 26. februar forventes å gå som normalt.
Togene mellom Eidsvoll og Kongsberg samt mellom Moss og Spikkestad er begge innstilt mellom Oslo S og Sandvika.
Det kjøres busspendel på strekningene Oslo S-Sandvika og Skøyen-Oslo S (ved spor 19)

Så – då ser det ut til at eg held fram med NSB – enn så lenge.