Stikkordarkiv: media

Må tabloidmedia vera eit mikrofonstativ for nazistane til ein kvar tid?

Dagbladet fortener pryl for denne artikkelen: http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/11/15/449433.html

Dette er rein reklame for Vigrid. Dei får Vigrid til å framstå som jamgod med det norske skuleverket. På den eine sida meiner skuleverket – på den andre sida meiner Vigrid…

Eg vil tru dette er eit absurd utslag av at journalisten har forlese seg på at pressa skal vera fri. Eg ventar i spenning på at journalisten snart framstiller til dømes valdtekt på same måte. Dagbladet i neste veke:

«Skulle du eller gruppen du er med i ha en oppgave å skrive som går inn på de feltene vår nettside dekker kan du sende oss de spørsmålene du ønsker svar på så skal vi etter beste evne besvare dem sett fra vår synsvinkel og vårt krav om sann og objektivt syn på voldtekt.»

Voldektsmannsklubben lover å svare på de innsendte spørsmålene innen tre dager.

«Hvis du gjør våre svar til dine egne, risikerer du å stryke på oppgaven og det er ikke meningen. Ensretting og straff i form av dårlige karakterer for politisk ukorrekte oppfatninger gjennomsyrer i dag undervisningssystemet.»

Sjølv om menn framleis valdtek, lar ikkje media det å stø valdtekter vera ein like grei haldning som det å vera i mot valdtekter.

Eksempelet er kan hende noko absurd. Men det er eigentleg enda meir absurd at Dagbladet klarer å lage ein reportasje der lar det å fornekte industrielt drap på jøder og andre under andre verdskrig vera ein grei meining å ha.

Det er uansett eit problem å vise fram Vigrid i media. Sjølv om TV2 får Tore Tvedt til å framstå som ein rar, halvgammal og galen nisse som bur for seg sjølv i skogen og likar å bli vitja av unge jenter og gutar, vil Vigrid like fullt få merksemd om det. Dei får like fullt spreie sitt hatbodskap gjennom TV2.