Stikkordarkiv: St. Patrick’s Day

Hurra for 17. mars!

Irsk kløver
På St. Patrick’s Day er alle irske!

Ja, irsk nasjonalkjensle er ein stor eksportartikkel. Jamvel om vi nordmenn sjølvsagt hevdar at vår eigen 17. mai er den beste nasjonaldagsfeiringa ein kan få, har irane klart å laga ei verdsfemnande feiring av sin nasjon.

Irsk nasjonalisme og norsk nasjonalisme har likskapar. Båe nasjonane har fått sitt sjølvstende i nyare tid. Kan henda det er noko av årsaka til at nasjonalismen ikkje har fått det reaksjonære, imperialistiske uttrykket som vi har sett i mange andre land.

Den norske imperialismen – som vi først og fremst ser gjennom StatoilHydro, har ikkje knytt den ekspansive verksemda si saman med norsk nasjonalkjensle, om ein ser bort frå feiringa av norsk imperialisme gjennom boards med teksten «det norske oljeeventyret fortsetter i utlandet».

Kan henda at EU-saka skremmer den norske makteliten frå å spela på nasjonalisme.

Men ein plass ser vi han tydeleg. Trua vår på oss sjølv som den mest fredfylte, demokratiske og likestilte plassen i verda gjev av og til absurde utslag. Å senda 18-åringar ut i verda for å læra vaksne folk i tredje verda om demokrati minnar meg mest om diktet «The White Man’s Burden» av Rudyard Kipling. Han òg stod for ein godhjarta rasisme.

Sjølvsagt handlar ein del av norsk nasjonsbygging òg om undertrykking av urfolket i Noreg – samane – og nasjonale minoritetar. Men det er ikkje hovudsida i bygginga av Noreg.

I Noreg er det først og fremst ein positiv nasjonalisme som kjem til uttrykk. Henrik Wergeland har for all framtid slått fast at sterk nasjonalkjensle og inkludering av andre folk er to sider av same sak. Er ein trygg på sin eigen identitet, vil ein òg vera trygg på nye folk.

Det er ikkje det at folk er for trygge på sin norske identitet som får folk til å røysta Frp. Det er heller mangelen.

17. mai i Noreg er ein inkluderande folkefest. I Oslo er 17. mai for alle ein svært viktig del av tradisjonen til eit titusental folk.

17. mars har på same måte blitt ein dag kor heile verda kler seg i grønt.

I ei verd der etterverknadene etter postmodernismen sine verste herjingar slår inn for fullt, vil vi nok sjå større og større ønske om å ta del i slike tradisjonar. Identitet er nødvendig for alle, jamvel for oss som har blitt flaska opp med 80-talet sin uuthaldelege lettheit og 90-talet sin ironi treng identitet.

Familien og nasjonen treng ikkje vera bitre fiendar for folk på venstresida. Det er ikkje noko gale i å vera glad i landet sitt eller å setja pris på familien sin. Å seie noko anna, vil vera å spela folk rett i fanget på Frp og dei brune venene deira.