Stikkordarkiv: Ubuntu

Å kasta seg uti på grunt vatn

Screenshot

Våren 2008 landar ein robust hegre i mange datamaskinar. Hardy Heron er kodenamnet på det neste Ubuntu-sleppet, og sjølvsagt klarar eg ikkje å vente til korkje det offisielle sleppet i april eller betatestinga. Frå Ubuntu sine sider kan ein laste ned testversjonar, og sia eg hadde fylt opp programvarevolumet på den berbare maskina mi tenkte eg det var på tide med ein frisk start.

Sjølvsagt er dette idiotisk av meg – all den tid eg har eit Ati-skjermkort (X1400) som krev ein del knoting i fila «xorg.conf» for å få 3d-effektane til å flyte fint.

Heldigvis har eg lært av tidlegare episodar, og hadde ein kopi av min gamle xorg.conf liggjande i tilfelle ting skulle skjære seg. Og det gjorde det sjølvsagt.

Ubuntu prøver i Hardy Heron å kvitte seg med tarva for xorg.conf. Alt skal oppdagast automagisk og alt skal kunne styrast med grafiske verktøy. Men mitt skjermkort er langt frå standard og i staden for eit Ubuntu-bilete fekk eg sjå ein velkjend svart skjerm – konsollen. Men etter litt sudo apt-get install xorg-driver-fglrx og litt sudo cp /opt/xorg.conf /etc/X11/, og ein solid runde med oppdatering fekk eg fram det vakre biletet av ein ubuntuhegre.

Mykje er sjølvsagd som før, men umiddelbart er det to ting eg merker:

1. Eit eller anna har skjedd med lesinga frå harddisken. Det går svært kjapt å til dømes skifte maildir i mutt. Det skyldast kan hende eit eller anna program eg hadde installert før oppgraderinga, og ikkje noko nytt no.

2. Suspend fungerer utrolig nok for, til tross for teit skjermkort, men resume er det noko feil med framleis. Uansett – løysinga for suspend er nok innafor rekkevidde.

Det skal bli spanande å sjå om det opnar fleire dører til linux for folk når denne versjonen av Ubuntu er ferdig. Til tross for at det eg driver med er å stupe ut i svømmebassenget før det er skikkeleg fylt med vann, er eg svært imponert over korleis det meste er svært raskt, stabilt og oversiktlig, sjøl om ein enno ikkje har kome til betatestinga.

Og det er jo på sin plass. Ubuntu 8.04 er neste «LTS», langtidsstøtta», Ubuntu-versjon. For dei som vil ha ein stabil maskin i tre år, er det bare å telje ned til 26. april. For folk som meg, som ikkje kan vente, last ned nå og lev farlig :).